Løysinga er større kommunar, meiner eit utval nedsett av den førre regjeringa.
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) fekk rapporten frå det såkalla generalistkommuneutvalet onsdag.
Hovudkonklusjonen er at ingen kommunar klarer å løyse alle oppgåvene dei er pålagde, men dei store og sentrale kommunane klarer det langt betre enn dei som har få innbyggjarar og ligg mindre sentralt. Det blir påpeika at små kommunar med god økonomi klarer seg betre enn andre små kommunar.
Fleirtalet i utvalet støttar økonomiske og andre insentiv for å slå saman kommunar. I tillegg blir interkommunalt samarbeid tilrådd for å løyse oppgåver. Statleg detaljstyring bør reduserast, konkluderer utvalet.
Eit mindretal i utvalet meiner større kommunar berre er eitt av fleire tiltak som må til for å sikre at alle kommunane kan tilby tenestene dei skal.
Gjelsvik gjer det klart at regjeringa ikkje vil leggje press på kommunar for å slå seg saman.
Publisert: 29.03.2023 12:31
Sist oppdatert: 29.03.2023 12:31