Kort fortalt

Store mediekutt

Norske medium kuttar for over to milliardar kroner.

06.05.2016
(NPK-NTB): Den norske mediebransjen har gjennomført kutt for over éin milliard dei siste to åra. Dei neste åra blir det planlagt kutt på ytterlegare éin milliard.
Berre i år kan så mange som 500 årsverk forsvinne frå mediebransjen, skriv .
– Det er krevjande tider og mange vanskelege avgjerder som må takast, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Tysdag vart det klart at TV 2 skal kutte kostnadane med 350 millionar kroner fram mot 2020. Kjelder seier til avisa at minst 150 tilsette kan bli ramma.
I tillegg blir det planlagt kutt for til saman 605 millionar kroner i mediehusa Schibsted, Polaris Media, Discovery, Aller (Dagbladet), Discovery og NHST (Dagens Næringsliv).
NRK har sidan 2014 redusert bemanninga med 330 årsverk, og i år skal det takast ytterlegare 50 årsverk. Samla har NRK kutta kostnadar for 400 millionar kroner sidan 2012. (©NPK)

Publisert: 06.05.2016 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46