(NPK-NTB): Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening er samde om ein avtale. Dermed blir det ingen streik.
Etter å ha mekla over 15 timar på overtid kom Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening (BNL) i hamn med tariffoppgjeret på Fellesovereinskomsten for byggfag.
– Det desidert viktigaste gjennomslaget for oss er ein solid auke i minstelønnssatsane. Auka minstelønn gir ein meir seriøs bransje og meir å leve av for dei som jobbar i bransjen, seier forhandlingsleiar Per Skau i Fellesforbundet i ei pressemelding.
Partane har sete i tvungen mekling hos Riksmeklaren etter at Fellesforbundet braut den frivillige meklinga onsdag.
Nesten 17.000 bygningsarbeidarar i meir enn 900 bedrifter kunne blitt tekne ut i streik måndag dersom det ikkje vart semje i oppgjeret for byggfaga.
Seint fredag kveld vart resultatet i frontfaget (industrien) lagt fram. Det enda med eit generelt tillegg på 50 øre i timen til alle (knapt 1.000 kroner i året for ei full stilling), og dessutan heving av minstelønnssatsane.
Ramma vart 1,7 prosent, noko som betyr ei forsiktig forbetring av kjøpekrafta.
(©NPK)

Publisert: 24.08.2020 16:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25