Statens Vegvesen lyser ut ein femårskontrakt for drift av Europavegstrekningane E136 og E39 frå grensa mot Innlandet fylket og til Ålesund, pluss nokre kilometer andre riksvegstrekningar.
Jobben er å brøyte vegane om vinteren, børste og halde dei reine i sommarhalvåret og stå for kantslåtten i vekstsesongen.
I alt er det snakk om 360 kilometer, av dei 54 kilometer gang og sykkelveg.
Strekninga E136 Stuguflåten-Dombås kan bli ein del av kontrakten frå 2024.
Tilbodsfrist er 11. april og den nye kontrakten skal gjelde frå 1. september i år.
Publisert: 30.01.2023 14:36
Sist oppdatert: 30.01.2023 14:46