Kort fortalt

Streiken: Ingen store ferjeproblem hittil

Vegvesenet melder om meir kø på ferjestrekningane som er ramma av streiken.

18.04.2023

Det er også fleire som ikkje kjem med. Utover det, har det stort sett gått greitt.

– Vi har ikkje registrert nokon større situasjonar som følgje av streiken, seier avdelingsdirektør for ferje i Statens vegvesen Dag Hole til NTB.

Vegvesenet har ansvar for 16 ferjesamband på riksvegnettet, og elleve av desse er ramma av streiken. På dei fleste av desse er éi ferje teken ut av drift.

– Det har sjølvsagt vore meir kø, og dei reisande har i større grad enn vanleg ikkje komme med på den ferja dei planla, men ikkje i så stort omfang så langt, seier Hole.

Fleire ferjesamband på fylkesvegnettet blir også ramma av streiken, men desse er det fylkeskommunane som har ansvaret for. Hole har inntrykk av at situasjonen er nokolunde lik der.

– Det vi fryktar, er at ei av ferjene som ikkje er i streik, får tekniske problem. Vi hadde ein sånn situasjon på Halhjem–Sandvikvåg i går kveld, men det skjedde såpass seint at det berre var to avgangar igjen for kvelden uansett, seier han.

Feilen vart retta.

Vegvesenet oppmodar reisande til å ikkje la frustrasjonen gå ut over dei som jobbar på ferjestrekningane.

– Det er sjølvsagt ein uheldig situasjon, men vi må respektere streiken som eit verkemiddel, understrekar han.

Publisert: 18.04.2023 15:35

Sist oppdatert: 18.04.2023 15:36