NPK-NTB: Viss dei reisande blir forseinka med meir enn tre timar ved ombooking på grunn av streik, har dei krav på erstatning, ifølgje selskapet Airhelp.
Ein streik gjennomført av selskapet sine eigne pilotar går ikkje under nemninga «ekstraordinære hendingar» og blir derfor flyselskapet sitt eige ansvar i samsvar med EUs passasjerrettslover EC-26, opplyser landssjef for Airhelp i Noreg, Andreas Hermansson.
– I og med at SAS har valt å ikkje kansellere flygingane meir enn to veker før avgangane, blir selskapet ansvarleg i tilfella der fly blir kansellerte eller blir meir enn tre timar forseinka på grunn av streiken. I desse tilfella har kvar passasjer krav på opp til 600 euro i erstatning, seier Hermansson.
Over 1.400 SAS-pilotar er tatt ut i streik etter at selskapsleiinga og flygarane ikkje vart einige natt til fredag. Rundt 315 avgangar er innstilte, noko som betyr at rundt 100.000 passasjerar i, til eller frå Noreg vil bli direkte ramma av streiken gjennom helga. I Skandinavia samla kan streiken komme til å ramme så mange som 250.000 passasjerar, ifølgje tal frå flyerstatningsselskapet Airhelp.

Publisert: 26.04.2019 08:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35