Kort fortalt

Strid om vernesone-rettar

Snøkrabbekrangel mellom Noreg og EU.

23.01.2017
(NPK-NTB): EU og Noreg har svært ulikt syn på retten til å fiske i vernesona rundt Svalbard. Jussprofessor Geir Ulfstein meiner Noreg står åleine om si tolking.
EU krev likebehandling etter Svalbardtraktaten frå 1920, som slår fast at borgarar frå alle traktatland har lik rett til å drive næringsverksemd, jakt og fiske på Svalbard. Noreg meiner derimot at retten berre gjeld på land og litt over 22 kilometer ut i territorialfarvatnet til Svalbard, men ikkje på sokkelen utanfor, som er norsk. EU har delt ut løyve til å fiske i dette farvatnet, mens Noreg meiner det er ulovleg fiske.
– Ingen land har hittil støtta Noregs syn på saka. Enkelte har protestert mot Noreg, andre har reservert seg, seier Geir Ulfstein, som er professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, til .
Den 22. desember sende EU-kommisjonen brev om at 16 namngitte båtar har fått lisens til å fiske snøkrabbe i området Noreg meiner å ha råderett over. For berre ei veke sidan vart det latviske fiskefartøyet «Senator» tatt inn til Kirkenes av kystvakta då dei sette ut krabbeteiner på norsk kontinentalsokkel. Ifølgje har Finnmark politidistrikt komme til at reiarlaget må betale inndraging på éin million kroner og ei bot på 150.000 kroner. Båten hadde løyve frå EU til å fiske i det aktuelle området.

Publisert: 23.01.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42