Kort fortalt

- Struper salet av ladbare hybridar

Fleire ladbare hybridbilar vart dyrare frå nyttår.

06.01.2022

– Først fekk nye bensin- og dieselbilar auka kjøpsavgifter. No er staten i ferd med å strupe salet av ladbare hybridar, seier Thor Egil Braadland i bilorganisasjonen NAF.

Fleire ladbare hybridbilar vart dyrare frå nyttår. Frå 2023 blir det truleg moms på dei dyraste elbilane. Braadland reknar med at salet av ladbare hybridbilar kjem til å falle som ein stein med dei nye avgiftene i 2022.

Opplysingskontoret for vegtrafikken opplyser at det vart selt 38.139 ladbare hybridar i Noreg i 2021. Litt over 20 prosent av nybilsalet var ein ladbar hybrid, medan nesten to av tre nye bilar var elbilar. Målet til styresmaktene er at innan 2025 skal alle nye personbilar her i landet vere nullutsleppsbilar. I praksis betyr det elbilar.

– Dette blir verst for dei som har bestilt ein ladbar hybrid i 2021, men som ikkje får bilen levert før i 2022. Det er nemleg avgiftene når du får bilen som gjeld, ikkje når du bestiller han, seier Braadland, som er ansvarleg i NAF for kontakt med styresmaktene..

Hittil har dei ladbare hybridbilane hatt ein stor avgiftsfordel samanlikna med bensin- og dieselbilar. I 2022 blir denne fordelen redusert. Mange ladbare hybridar, spesielt dei med høg vekt og kort elektrisk rekkevidde, får auka avgifter i 2022.

Blant dei mest selde hybridbilane her i landet vil avgiftene på ein Toyota RAV4 stige med rundt 45.000 kroner, avhengig av modellvariant. BMW X1 aukar med nærmare 43.000 kroner. Ford Kuga får over 20.000 i auka avgifter, medan Mitsubishi Eclipse Cross Over får 65.000 kroner i nye avgifter i 2022.

Dei ladbare hybridane med lågast drivstoff-forbruk vil merke lite eller ingenting til avgiftsauken, fordi dei alt får rabattar på eingongsavgifta gjennom CO2-komponenten.

Publisert: 06.01.2022 11:43

Sist oppdatert: 06.01.2022 11:45

Mer om