Nordea styrker satsinga mot privatpersonar med stor formue – og har tilsett Jonas Ingebrigtsen og Lill-Magrett Osmundsen i private banking-avdelinga i Ålesund. Det opplyser banken i ei pressemelding.
Kravet for å bli private banking-kunde er minst seks millionar kroner i plasserbar formue.
Ålesund-kontoret har hatt ein vekst på 50 prosent dei siste tre åra for denne delen av verksemda, opplyser Ragnvald Ree som er avdelingsleiar for region Vest. Han legg til at det var stor interesse for dei nye stillingane og mange søkjarar.
Jonas Ingebrigtsen kjem frå rolla som banksjef for kunderekruttering i Sparebank 1 SMN.
Lill-Magrett Osmundsen er rekruttert internt frå Nordea, der ho har jobba med sparing og investering i personmarknaden sidan 2024.
Publisert: 06.03.2026 13:23
Sist oppdatert: 06.03.2026 13:23






