Stig Brautaset Ole Magnus Orlien foto Ogne
MILLIARDVEKST SOM MÅL: Ole-Magnus Orlien (til høgre) leier Sparebank 1 SMN si satsing på formuesforvaltning frå banken sitt kontor i Volda. Til venstre, divisjonsdirektør Stig Brautaset. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kjapp vekst for kapitalforvaltning

I løpet av kort tid får Ole-Magnus Orlien 10 nye kollegaer, med milliardkundar. Tek over eit heilt lag frå Danske Bank.

10.08.2023

Ole-Magnus Orlien er leiar for formuesforvaltningsatsinga til Sparebank1 SMN. Det er ein jobb han hadde i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og som han fekk konsernansvaret for då Sparebank 1 Søre Sunnmøre blei ein del av Sparebank 1 SMN i vår.

No forvaltar Orlien og kollegane formuer frå velståande kundar for tilsaman seks-sju milliardar kroner.

Målet er å fleirdoble beløpet i løpet av kort tid, seier Orlien.

Melder overrgang
No har ein stor del av laget som arbeider med formuesforvaltning i Danske Bank, 10 personar, meldt overgang til Sparebank 1 SMN, og blir ein del av eit lag på i alt 30 personar - seks av dei med kontorstad på Sunnmøre. Ytterlegare to-tre tilsettingar er i vente på Sunnmøre, i følgje Sparebank 1 SMN.

Ifølgje Orlien har Danske Bank sjølv anslått at Danske Bank forvalta formuer for omlag 45 milliardar kroner.

Fleire av kundane reknar Orlien med blir Sparebank 1 SMN-kundar.

- Dette er ein relasjonsbransje, seier Orlien.

Passerte milliarden
I 2020 fekk Ole Magnus Orlien ansvaret Sparebank1 Søre Sunnmøre si satsing på formuesforvaltningsrådgiving, med mål om å ha kundar med ein milliard kroner plassert innan 2024. Det målet vart nådd allereie i 2021.

- Dette er ein enorm marknad med eit enormt potensiale, sa Orlien til NETT NO i 2022.

Det er mellom anna pengar frigjort frå sal av private bedrifter som gitt denne marknaden ein sterkt vekst.

Som ein del av Sparebank 1 SMN og med dei tidlegare Danske Bank-tilsette blir tilbodet til kundane med store formuer utvida frå rein kapitalforvaltning til mellom anna juridisk rådgivning.

Publisert: 10.08.2023 15:40

Sist oppdatert: 10.08.2023 15:53