Kort fortalt

Støttar ikkje mistillit mot Guttelvik

Frp sitt forslag fall på steingrunn.

Marius Rosbach
08.06.2020
Gruppeleiarane i åtte parti på fylkestinget i Møre og Romsdal opplyser i ei pressemelding måndag kveld at dei ikkje støttar eit forslag frå Frp om mistillit mot fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.
Dei meiner forslaget frå Frp er svakt grunngjeve og viser liten forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon. Det blir også påpeika at fylkestinget har det øvste arbeidsgjevaransvaret for fylkeskommunedirektøren og at stadige trugslar om mistillit frå Frp, ikkje er god arbeidsgjevarpolitikk.
Meldinga er signert gruppeleiarane i Ap, Høgre, Senterpartiet, KrF, SV, MDG, Raudt og Venstre.

Publisert: 08.06.2020 22:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26