Kort fortalt

Støtte til ÅKP

Får 1,25 millionar kroner.

03.05.2016
Inkubatorverksemda til både ÅKP i Ålesund og Molde Kunnskapspark får støtte frå Møre og Romdal fylkeskommune for 2016.
Det er region og næringsutvalet som løyver pengane.
ÅKP får 1,25 millionar kroner og Molde Kunnskapspark 950.000 kroner.
Inkubatorverksemda skal hjelpe fram nystarta bedrifter, mellom anna med kontorplass, eit miljø og fagleg oppfølging.
Til saman har dei to inkubatorsentra eit budjett på 11,9 millionar kroner, fordelt på 7,5 millionar i Ålesund og 4,4 millionar i Molde. Tilskotet frå fylket er ein del av finansieringa, der også bedriftene bidra med ein del.

Publisert: 03.05.2016 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46