Kort fortalt

Sunnmøringar lunkne til vindkraft på land

60 prosent seier dei er negative til vindkraft.

NPK
20.02.2021

(NPK): Medan 40 prosent av dei spurde på Nordmøre er positive til vindkraftutbygging på land, er talet berre 21 prosent på Sunnmøre.

Det er Respons Analyse som har gjort undersøkinga, som Sunnmørsposten presenterer. Romsdalingane ligg midt mellom med 34 prosent som er positive til vindkraftutbygging på land.

60 prosent av sunnmøringane seier dei er negative til vindkraft, medan 49 prosent av nordmøringane seier det same. I Romsdal er 52 prosent negative

Smøla på Nordmøre fekk 20 vindturbinar i 2002 og ytterlegare 48 i 2005. Totalt høgd til spissen er 105 meter. På Haramsøya på Sunnmøre har det vore stor motstand mot planane om åtte 150 meter høge turbinar.

Ordførar. Svein Roksvåg (Sp) på Smøla seier til Sunnmørsposten at det var motstand mot vindmøllene før utbygginga også der, men ikkje i like stor grad som på Haramsøya. I dag trur han at dei fleste på Smøla er positive til vindturbinane.

Han peikar på at det er få negative konsekvensar av vindturbinane, og at det er fleire positive effektar av utbygginga. Roksvåg nemner 15 nye arbeidsplassar, 10 millionar i ekstra eigedomsskatt, bidrag frå Statkraft til frivillige aktivitetar og at straumleveransen til øysamfunnet har vorte meir stabil.

(©NPK)

Publisert: 20.02.2021 14:39

Sist oppdatert: 20.02.2021 14:42

Mer om