Kort fortalt

SV krev 10 milliardar til kommunane

Vil ha pengane utbetalt straks.

07.05.2020
NPK-NTB: Krisa som koronaviruset har skapt i norske kommunar, er så stor at Stortinget straks må løyve 10 milliardar kroner ekstra til kommunane, krev SV.
Partiet fremja forslaget i Stortinget torsdag.
SV foreslår at 3,5 milliardar kroner straks blir fordelte forholdsmessig til kommunar og fylkeskommunar ut frå anslått skattetap.
Ein tilsvarande sum skal gå som auka rammetilskot, medan rammetilskotet til fylkeskommunane blir auka med 2 milliardar kroner, foreslår SV.
Også skjønnstilskotet blir foreslått auka med 1 milliard.
– Vi fremjar hasteforslag om å auke løyvinga til kommunane med 10 milliardar kroner. Dei pengane må løyvast straks. Det er ikkje tid til å vente til revidert nasjonalbudsjett er ferdig behandla i Stortinget, seier SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski til NTB.
Ho fryktar koronakostnadene no tvingar kommunar til å kutte i tenestetilbodet og velferda.
KS har rekna ut at norske kommunar kan tape opptil 20 milliardar kroner på virusutbrotet, og både Oslo og Viken har varsla behov for meir pengar.
Stortinget vedtok i krisepakken sin 31. mars ei straksløyving til kommunane på 5 milliardar. I tillegg vart det garantert for minst 4 nye milliardar i revidert nasjonalbudsjett 12. mai.
Stortinget har samtidig understreka «at kommunane og fylkeskommunane skal kompenserast for følgjene av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter i samband med koronaepidemien.»

Publisert: 07.05.2020 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27