Kort fortalt

SV vil ha forbod mot fiskesmugling

Per Sandberg er ikkje samd.

03.08.2017
NPK: Hittil i år har tollarane beslaglagt dobbelt så mykje fisk som i fjor. No går SV inn for å stengje grensa for gratis turistfisk fram til eit strengare regelverk er på plass.
Ifølgje reknar Tollvesenet at nærare 30 tonn heil fisk er beslaglagt så langt i år. Dermed kan 2017 bli eit rekordår for beslag av fisk på landsbasis. Så langt er det beslaglagt meir enn det dobbelte av på same tid i fjor.
Grensa for kva kvar enkelt kan ta med seg ut av landet er sett til 15 kilo per person, men enkelte blir stoppa med over 300 kilo ferdig filetert fisk.
– Det er rimeleg å anta at det ikkje er til eige forbruk, seier kontrollsjef Tom Olsen i tollregion Nord-Noreg til kanalen.

Vil ha forbod mot fiskesmugling

No tar næringspolitisk talsperson i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, til orde for at det må bli slutt på at turistane kan ta med seg fisk ut av landet gratis. I alle fall fram til myndigheitene har fått bukt med den omfattande smuglinga.
– I dag kan turistar ta med seg ein ganske stor kvote med fisk ut av landet. Vi meiner det er opphavet til at folk driv med fiskesmugling, seier Fylkesnes.
Han trur eit forbod mot å ta med seg gratis fisk vil dempe lysten til ulovlegheiter, og etterlyser betre kontrollrutinar og eit strengare regelverk.
– No er det reine ville-vesten-tilstandar langs kysten der turistar kjem og tar med seg enorme mengder ut av landet ulovleg. Det må det bli slutt på. Tollvesenet seier sjølv at det dei har tatt så langt berre er toppen av isfjellet.

Sandberg ikkje samd

Men fiskeriminister Per Sandberg (Frp) meiner på si side forslaget frå SV vil øydeleggje for mange aktørar i bransjen og ha ein motsett verknad.
– Då blir det ikkje noko eksistensgrunnlag for dei næringane, og dei små bedriftene som faktisk lever og veks på dette langs kysten vår, seier ministeren til NRK.
Fiskeriministeren har allereie fått igjennom eit vedtak som vil gi meir kontroll med fisketurismenæringa, og seier han no også vil ha på plass bøtelegging og inndraging av utstyr for å ramme smuglarane – og ikkje fisketurismen. Han seier han «tør garantere» at eit strengare regime vil vere på plass så raskt som i 2018.

Publisert: 03.08.2017 10:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41