(NPK-NTB): Omsetninga på kjøpesentera var 2 prosent høgare i desember enn i same periode året før. Black Friday og netthandel har overteke ein del av handelen.
– Vi såg allereie i 2015 at Black Friday stal omsetning frå den tradisjonelle julehandelen, og i 2016 ser det ut til at tendensen er endå tydelegare. Samtidig er det ikkje tvil om at konkurransen blir stadig tøffare for norsk varehandel, seier Bror William Stende, direktør for Virke Faghandel.
Han viser til auka netthandel frå både norske og utanlandske butikkar, i tillegg til at mange gjer julegåvehandelen på storbyferiar.
Virke kallar også romjulssalet for svakt. Omsetnaden på kjøpesentera auka med 13,4 prosent frå romjula i 2015, men sist år var det ein handelsdag mindre i denne veka.
Kanskje ikkje så overraskande er det siste veka før julaftan at nordmenn legg igjen mest pengar i butikkane. Omsetnaden denne veka auka med 4 prosent frå veka før, og nesten 50 prosent frå tilsvarande veke året før.
– Det var openbert mange som venta til siste liten med å kjøpe inn mange av julegåvene. To ekstra handledagar denne veka, gjorde også at det blei ei god handleveke, seier Stende.

Publisert: 06.01.2017 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43