Kort fortalt

Svak oppgang for fastlandsøkonomien

Overnattings- og serveringsverksemd trakk opp.

08.09.2020
(NPK-NTB): Overnattings- og serveringsverksemd bidrog til at bruttonasjonalproduktet i Fastlands-Noreg steig 1,1 prosent i juli, ifølgje SSB.
Aktiviteten i norsk økonomi fall brått etter innføringa av strenge smitteverntiltak 12. mars. I takt med gradvis gjenopning av samfunnet auka aktiviteten i mai og juni, og veksten heldt også fram i juli, viser ferske tal frå nasjonalrekneskapen til (SSB).
Tala er justerte for normale sesongsvingingar.
– Det er viktig å hugse at juli normalt er ein feriemånad. For nokre næringar inneber det vanlegvis låg aktivitet, for andre høg. Det er vanskeleg å seie noko om takten på den økonomiske innhentinga etter bråstoppen i mars og april basert på juli-anslaget, og tala må tolkast med varsemd, seier SSBs seksjonssjef for nasjonalrekneskapen, Pål Sletten.
Det største bidraget til stigninga kom frå overnattings- og serveringsverksemd. Ifølgje SSBs var talet på hotell- og campingovernattingar i juli omtrent på normalnivå.
Både treningssenter og symjehallar opna i midten av juni, samtidig som det vart tillate med arrangement fór inntil 200 personar og reiser til nordiske land. Dette bidrog òg til eit positivt overheng ved inngangen til månaden, skriv SSB. I tillegg vart det òg opna for utanlandsreiser til EØS og Schengen i midten av juli – noko som medførte auka utanlandskonsum.
(©NPK)

Publisert: 08.09.2020 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25