Kort fortalt

Svakare frå Mowi

Oppdrettselskapet råka av korona-prisfall.

13.05.2020
NPK-NTB: Mowi fekk eit operasjonelt driftsresultat på 109 millionar euro i første kvartal i år, ned frå 196 millionar i same kvartal i fjor.
Summen for første kvartal 2020 svarer til 1,2 milliardar kroner med dagens kurs.
Mowi er den største produsenten i verda av oppdrettslaks.
Selskapet skriv i ei pressemelding at det operasjonelle driftsresultatet i første kvartal vart sterkt påverka av fallande prisar som følgje av den globale nedstenginga for å slå ned koronaviruset.

Publisert: 13.05.2020 07:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27