Kort fortalt

Sykkelsalet til himmels

Bakgrunnen er korona og reiserestriksjonar.

17.06.2020
NPK-NTB: Salet av syklar har fått seg eit kraftig oppsving på grunn av koronapandemien, som stengde både treningssenter og landegrenser.
I tillegg bidreg færre ledige sete på buss og bane til at fleire syklar til jobben. Det har gitt rekordsal av syklar i Noreg, skriv .
Storkjeda XXL opplyser at ho reknar med ein omsetningsvekst på mellom 25 og 30 prosent i andre kvartal samanlikna med fjoråret.
Også dei mindre butikkane har merka salsvekst etter at koronakrisa ramma Noreg. Bull Ski og Kajakk har auka sykkelsalet med 250 prosent i perioden frå 1. april til no, samanlikna med same periode i fjor.
Norsk Sportsbransjeforening stadfestar den kraftige auken i sykkelsalet og meiner det heng saman med den spesielle våren.
– Vi merka tidleg når folk vart oppmoda til å ikkje nytte trikkar, bussar og T-banar, at fleire bles støv av sykkelen sin. Det vart rapportert om lange køar hos sykkelverkstadene, seier leiar Trond Evald Hansen til DN.
Bransjeforeininga har ikkje tal på sykkelsalet til no i år, men det ligg an til at salet av elsyklar aukar med 50 prosent frå i fjor.

Publisert: 17.06.2020 08:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26