Selskapet Vanylven lokalmedia hadde i 2019 totalt 4,3 millionar kroner i driftsinntekter, der vel ein halv million var pressestøtte.
Driftsresultatet og resultatet før skatt enda på vel 0,4 millionar kroner, viser årsreknskapen.
Selskapet har om lag like mykje i langsiktig gjeld som i eigenkapital.
Vanylven lokalmedia er eigd av ei rekkje vanylvingar, der tidlegare redaktør Vidar Parr er største eigar med 20 prosent.
Parr gjekk nyleg av og vart erstatta av Fredrik Bakke.
Andre eigarar er Bjørnar Osnes (16,7), Harald Nordal (16,7), Heidi Osnes (10), Rønnaug Søvik (10), Sigve Slagnes (6,7), Sølvi Marie Gjerde (6,7), John Willy Klungre (3,3) og Maria Parr (3,3).

Publisert: 22.07.2020 06:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30