Kort fortalt

Søkmål etter Emineo-konkurs

Til sak mot styreleiar og styremedlem.

29.03.2023

Konkursbuet etter Emineo As i Søvika går til søksmål mot tidlegare styreleiar og eitt tidlegare styremedlem, ifølgje Sunnmørsposten.

Kravet er på kring 6,5 millionar kroner og har bakgrunn i at buet meiner dei saksøkte har vore aktlause, og har personleg ansvar for konkursen, ifølgje avisa.

Eit anna selskap i same konsern Sydvendt Invest er også konkurs, etter at dei tapte eit søksmål frå konkursbuet i dette selskapet, skriv avisa.

Det var sett av tre dagar til saka i Møre og Romsdal tingrett frå tysdag til og med torsdag denne veka.

Publisert: 29.03.2023 08:13

Sist oppdatert: 29.03.2023 08:13

Mer om