(NPK-NTB): Noreg og EU er samde om å ta opp att forhandlingane om ein fiskeriavtale for neste år. Dei var ikkje i mål då fristen gjekk ut fredag.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) møtte torsdag EUs fiskerikommissær Virginijus Sinkevicius i Brussel.
– Vi er samde om at partane skal tilbake til forhandlingsbordet. Vi må bli samde om forvaltningstiltak for torsk i Nordsjøen som kan ta vare på både bestanden, yngel og yrkesfiskarane neste år, seier Nesvik i ei pressemelding.
Noreg og EU forhandlar kvart år om ein fiskeriavtale som er verd rundt 8 milliardar kroner, og skulle etter planen vore ferdig før helga. Nesvik er glad forhandlingane held fram.
– Vi har lang tradisjon for å finne gode løysingar saman med EU, og eg har tru på at denne tradisjonen blir ført vidare, seier han.
(©NPK)

Publisert: 12.12.2019 12:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31