Teige ber årsmøtet i Aalesund Rederiforening i dag - fredag 6. desember - røyste for at taket for makskvoten i ringnotflåten skal hevast for 650 til 1300 basistonn. Røystinga er seinare i dag.
Basistonn er ein målstokk for kor stor andel av den samla kvoten som kan fiskast av kvart farty.
Medlemane i Aalesund Rederiforening er ein underorganisasjon i Fiskebåt, den landsomfattande organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten. Diskusjonen om kvotetaket i ringnotflåten skal munne ut i eit vedtak på Fiskebåt sitt årsmøte i februar neste år, som blir Fiskebåt sitt råd til regjeringa.
Medlemsmøtet i Aalesund Rederiforening munna ut i at dagens årsmøtet bør nøye seg med å heve kvotetaket frå 650 til 800 basistonn. I Nord-Noreg vil reiarane doble kvoten, i Hordaland og Rogland vil fiskarane auke taket til 900 basistonn.

Publisert: 06.12.2013 12:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22