Kort fortalt

Tillitsvald dømt for underslag

Må gjere samfunnsteneste. 

15.06.2020
Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 60-åra til samfunnsstraff for grovt underslag, ifølgje .
Mannen overførte 160.000 kroner frå arbeidstakarorganisasjonen sin konto, der han har vore tillitsvald i ei årrekke. I retten forklarte han at det var meint som eit kortsiktig lån. Pengane blei betalt tilbake med renter etter ein snau månad.
Mannen innsåg ikkje alvoret før i ettertid, og la alle korta på bordet for politiet og retten. Saka blei ført som tilståingssak og mannen blei dømt til seksti timar samfunnsteneste.

Publisert: 15.06.2020 09:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26