Kort fortalt

Tillitsvalt i retten for underslag

– Det var ein naudssituasjon, seier mannen.

20.05.2020
Ein tillitsvald i ein arbeidstakarorganisasjon på søre Sunnmøre må møte i retten for grovt underslag, ifølgje .
Det var i fjor haust mannen overførte 160.000 kroner frå kontoen til arbeidstakarorganisasjonen til sin private konto. Underslaget blir ifølgje avisa rekna som grovt grunna storleiken på beløpet, og fordi det var snakk om brot på ein særleg tillit som følgje av vervet han hadde.
– Eg lånte pengar i ein kort periode og har betalt tilbake, med renter. Ingen har tapt noko. Det var ein naudssituasjon, seier mannen til avisa.
Saka blei fanga opp av Økokrim og skal opp som tilståingssak i Søre Sunnmøre tingrett i juni.

Publisert: 20.05.2020 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27