Kort fortalt

Tilrår utmelding

Fiskebåt Nord vil ut av Norges Fiskarlag.

26.11.2024

Fiskebåt Nord er eitt av tre regionlag i Fiskebåt, organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten.

På årsmøtet sitt  i dag vedtok Fiskebåt Nord av Fiskebåt bør melde seg ut av Norges Fiskarlag, skriv Fiskeribladet.

I neste veke skal både Fiskebåt Sør og Fiskebåt Vest ha årsmøte og mellom anna ta stilling til spørsmålet om utmelding.

Det er årsmøtet i Fiskebåt som skal ta den endelege avgjerda. Det årsmøtet er i februar neste år.

Fiskebåt er ein av tre organisasjonar under Norges Fiskarlag. Dei to andre er Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.

Fiskebåt har stilt krav om at dei tre organisasjonane i Norges Fiskarlag skal ha lik representasjon i styrande organ i Norges Fiskarlag. Det har Nord Fiskarlag, som i dag har fleire representantar enn dei to andre, ikkje gått med på. 

Også Sør-Norges Fiskarlag støttar kravet om lik representasjon, og også sagt at det ikkje er aktuelt å halde fram i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag, dersom Fiskbåt melder seg ut. 

Publisert: 26.11.2024 18:37

Sist oppdatert: 26.11.2024 18:37