(NPK): Kampen mellom elvefiskarar og sjøfiskarar om kven som skal få lov til å fiska villaks har dei seinare åra hardna til, blir det hevda.
Nye tal frå SSB viser ifylgje at det i år har blitt fanga 269 tonn laks med not og garn. Det er 16 prosent meir enn i fjor. Tala provoserer organisasjonen Norske Lakseelver.
– Å la 785 sjølaksefiskarar, som berre utgjer ein prosent av alle laksefiskarane i Noreg, fanga nærmare halvparten av villaksen er heilt feil. Regelverket bør difor endrast, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver til avisa.
Ifylgje utrekningane hans betyr det at kvar sjølaksefiskar i snitt fanga 75 villaks, medan ein sportsfiskar i elv i snitt avlivar ein laks i året.
Evensen fryktar utviklinga skal føra til overbelastning og peikar på at sjølaksefiskarane i motsetnad til elvefiskarane ikkje har noka avgrensingar på kvotar eller fangst.
Den stor verdiskapinga som er knytt til sportsfiske i lakseelvane er ein annan grunn til han reagerer på det store sjøfiske av villaks. Om fleire laks hadde fått overleva i sjøen og kome opp i elevane, ville villaksen vore mykje meir verdt, meiner han.
Leiar i Norges Grunneigar og Sjølaksefirskarlag (NGSL) Arne Jørrestol meiner på si side at det er sjølaksefiskarane som har fått dårlegare vilkår gjennom fleire regelendringar.
– Sjølaksefiskarane blir gong på gong taparar i kampen om villaksen – utan at det blir gjeve økonomisk kompensasjon, seier Jørrestol.
Han peikar på krokgarn er utfasa i mesteparten av landet, fisketidene reduserte med over 80 prosent – eller stengde i fleire kystområde. Regelendringane har også ført til at fangsten har gått sterkt ned, hevdar han.
– Det er ei rekkje aktørar som vil ha fjerna all form for sjølaksefiske. Vi kjempar for å overleva, seier Jørrestol.

Publisert: 28.12.2016 10:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43