NPK-NTB: Næringsdepartementet har bedt Konkurransetilsynet finne ut om dei store leverandørane driv prisdiskriminering når dei sel varer til kjedene til ulik pris.
Fram til 2016 henta Statens konkurransetilsyn inn avtalane mellom dei 20 største leverandørane og kjedene, men dei har aldri nytta seg av informasjonen for å sjekke prisane eller konkurransesituasjonen, skriv .
No har departementet bedt tilsynet analysere avtalane og sjå om dei kan finne svar på om dei store leverandørane, som for eksempel Ringnes, Orkla, Tine eller Nortura, forskjellsbehandlar kjedene og på den måten gjer det vanskeleg for Coop, Rema og Kolonial.no å konkurrere mot Norgesgruppens Kiwi.
Slik det er i dag, har det vore eit velkjent argument i bransjen at den som kjøper flest varer, får den lågaste prisen, og kolonial.no starta diskusjonen allereie i haust då dei hevda at dei betaler opp til 20 prosent meir for maten dei kjøper av leverandørane enn det Norgesgruppen gjer.
Sidan innkjøpsvilkåra er hemmelege, også på grunn av konkurranselova, er det ingen som har kunna bevise at det finst ein forskjell.
No skal altså tilsynet ta tak i det. Fristen for utgreiinga er sett til 1. oktober.

Publisert: 07.08.2018 08:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38