Kort fortalt

To av tre vil feriere i Noreg

Flest vil reise i eigen region.

14.07.2020
NPK-NTB: Eit aukande tal nordmenn planlegg for noregsferie i sommar, viser ei ny undersøking frå Innovasjon Noreg.
To av tre nordmenn oppgir at dei vil leggje ferien til Noreg, og ni av ti vel å reise med eigen bil.
Til liks med undersøkinga gjort i mai, er det framleis reiser i eigen region som ligg på topp. Halvparten av dei som skal på noregsferie, planlegg reiser på inntil ei veke. Undersøkinga er utført av Epinion for Innovasjon Noreg.
– Vi ser at færre svarar at dei vil ta ferien på sparket, noko som vi håpar og trur betyr at fleire er flinke til å førehandstinge – og ikkje minst har bestemt seg for kvar og korleis noregsferien skal vere, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg
I undersøkinga kjem det òg fram at fleire nordmenn ser på det som attraktivt å feriere i Noreg og at dei har fått betre kjennskap til kva ein kan oppleve. Samtidig meiner mange at noregsferie er for dyrt.
– Vi vel å gle oss over at interessa for noregsferie aukar blant nordmenn. Vi håpar og trur at vi i sommar får mange fleire noregsambassadørar i eigne rekkjer – som får endra oppfatninga av kva det inneber å vere på noregsferie, seier Bratland Holm.
Delen som ikkje vil ta ferie, har òg auka sidan førre undersøking og ligg på 14 prosent.

Publisert: 14.07.2020 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26