Kort fortalt

To Stranda- og Ulstein-konkursar

To selskap frå Stranda og to frå Ulstein var av selskapa i nordvest som det vart meldt konkurs sist veke.

16.12.2013
I følgje Brønnøysundregistrene vart det sist veke meldt seks konkursar i dei 22 kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord. I Stranda vart det meldt konkursopning for selskapa Stranda El Service AS og Stranda Farge & Interiør AS. Bustyrar for første er Mats Sætre Opshaug, medan Olav V. Myklebust er bustyrar for buet etter Stranda Farge & Interiør.
I Ulstein vart det opna konkurs i selskapa Stranda Verksted AS og Rør og Stålindustrier Invest AS. Bustyrar i begge er Hege Heian Notøy.
Det vart også opna konkurs i selskapet Inmedia AS på Nordfjordeid med Roger Thore Heggen som bustyrar, samt i selskapet Catering & Consulting i Ålesund. Her er Erling Flisnes bustyrar.

Publisert: 16.12.2013 22:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22