Herøy-båten «Vestbas» vart tysdag sist veke treft av Valderøy-båten «Topas» under snurrevadfiske utanfor kysten av Finnmark, melder .
– Vi hadde om lag ein fart på 1,8 knop då ein annan båt trefte oss med ein fart på om lag 9 knop. Denne båten var i ferd med å setje ein ny posisjon for å setje ut snurrevad. Det heile skjedde så fort at det er vanskeleg å forstå, seier reiar Tor Frantsen til avisa.
Ingen personar kom til skade, men begge fartøya er inne til reparasjon og går glipp av verdifull tid ute på fiskefelta. «Vestbas» ligg no ved eit verft i Solund, medan «Topas» ligg ved Havøysund.
Reiar og kaptin Arild Gjøsund på «Topas» seier til avisa at det «gjekk litt fort i svingane» og at det som skjedde var «svært beklageleg».

Publisert: 06.05.2020 14:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27