NPK: Seismikk skadar ikkje det viktige dyreplanktonet raudåte, viser feltforsøk gjort av Havforskingsinstituttet.
Raudåte er ei viktig næringskjelde for fleire fiskebestandar og speler slik ei avgjerande rolle i økosystemet i Norskehavet.
– Vi forskar på korleis seismikk kan påverka livet i havet. Sidan raudåta spelar ei så viktig rolle i økosystemet, er det naturleg at vi undersøkjer om raudåta døyr av seismiske lydbølgjer, fortel forskar Nils Olav Handegard.
Seismiske undersøkingar i Norskehavet fortel korleis havbotnen er sett saman, og om det er olje- og gassførekomstar i området.
Feltforsøka viser at det ikkje har nokon effekt på raudåta så lenge luftkanonane er meir enn ti meter unna. På kortare hald var døyingstala aldri meir enn 30 prosent høgare enn i kontrollgruppa, opplyser Havforskingsinstituttet.

Publisert: 07.08.2019 14:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33