Kort fortalt

Tolv departement utsett for dataangrep

Saka blir etterforska av politiet.

24.07.2023

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har avdekt eit dataangrep på IKT-plattforma til tolv departement

– Vi tek denne hendinga svært alvorleg. DSS samarbeider tett med Nasjonalt tryggingsorgan og politiet. Dei har sett i verk ei rekkje tiltak for å handtere angrepet, og vi følgjer situasjonen tett, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsministeren vil orientere Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité om saka.

(©NPK)

Publisert: 24.07.2023 08:43

Sist oppdatert: 24.07.2023 08:43

Mer om