NPK: Det er ikkje berre på vinteren at bilbatteri kan gi starttrøbbel på bilen. Ifølgje Naf er det nok å gjere på sommaren med å få liv i straumlause bilbatteri.
– Sommarstid er det motorstopp som toppar vår bergings-statistikk. I tillegg er det mange som opplever startvanskar og flate batteri, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgivar i Naf i ei pressemelding.
Ei undersøking utført av Naf viser at meir enn sju av ti skal på bilferie i år. Dersom du skulle vere så uheldig å få flatt batteri på bilturen har Sørdal nokre klare råd om kva du bør gjere:
– Få bilen ut på vegskuldra, ta på refleksvesten og sett ut varseltrekanten. Alle må ut av bilen. Då er det lurt å bruke dørene som er vendt mot vegkanten. Det er også smart å få alle over autovernet om det er mogleg. Dette er spesielt viktig på motorvegane der hastigheita er høg.
Men det er ikkje berre bilbatteriet som gir problem for trafikantane. Ei bergingsårsak som Naf opplever spesielt på sommaren er at folk låser inne eller mistar bilnøkkelen. I tillegg til nøkkelproblem er punktering og motorstopp på lista over topp fem bergingsårsaker i sommarmånadane.

Publisert: 21.07.2020 11:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25