Kort fortalt

Tomme vassmagasin trass rekordnedbør

05.10.2021

(NPK-NTB): Det har regna tett fleire stader i landet dei siste dagane. Men det regna stort sett i låglandet, medan vassmagasina ligg i høgda.

I helga vart det sett ei rekkje nedbørsrekordar i Sør-Noreg, mellom anna i Nittedal, Fåvang og Moss. Også i hovudstaden vart det målt ny døgnrekord.

– Alt hjelper, men mesteparten av regnet har komme i delar av vassdraga der vi har avgrensa regulering. Vi hadde sett pris på om det var motsett, seier divisjonsdirektør Sverre Eikeland for operatørane i Agder Energi til Teknisk Ukeblad.

På Vestlandet har ikkje fyllingsgraden i vassmagasina vore så låg på nær 30 år, medan på Sørlandet nærma det seg førre veke eit minimumsnivå.

Det har vore tørt lenge, og ein god del nedbør blir derfor sogen opp i bakken framfor å fylle opp vassmagasina.

(©NPK)

Publisert: 05.10.2021 12:45

Sist oppdatert: 06.10.2021 07:21

Mer om