Kort fortalt

«Top Gear» fekk nei til å råkøyre i Trollstigen

Fekk ikkje bryte fartsgrensa.

06.06.2016
(NPK): Lensmannen i Rauma gjekk med på å stengje trafikken i Trollstigen for bilprogrammet «Top Gear», men da The Stig ikkje fekk lov til å bryte fartsgrensa, droppa BBC opptaka.
BBC skal ha brukt fleire veker på å frakte ein Ferrari og ein Lamborghini til Noreg for å gjere spektakulære opptak i Trollstigen, Måndalstunnelen og Vågstrandstunnelen, ifølgje den britiske avisa The Sun. Men BBC valde å avlyse opptaka dei hadde planlagt å gjennomføre 28 mai, da dei fekk avslag på søknaden om å bryte fartsgrensene.
– Eg sa ja til filming og vegstenging på den svingete vegen. Men eg har ikkje fullmakt til å seie at nokon kan gjere lovbrot, seier lensmann Andreas Hustad i Rauma til NRK.
– Dersom det skulle skje ei ulykke, kven sitt ansvar var det da? spør lensmannen. (©NPK)

Publisert: 06.06.2016 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45