Når turbinane går, skaper det ein kontinuerleg, lågfrekvent undervasstøy som spreier seg utover frå havvindparken. Denne støyen svømte torskelarvane mot.
For å finne ut korleis torsken i Nordsjøen kan komme til å reagere på havvindparkane som blir planlagde bygd ut, gjekk forskarane konkret til verks: dei attskapte situasjonen i ein fjord, om enn i mindre skala, skriv Havforskingsinstituttet (HI).
Rundt 90 torskelarvar vart testa i vatnet – halvparten vart utsett for støy, medan dei andre fekk symje i fred og ro.
Då larvene fekk symje i fred, orienterte dei seg klart mot nordvest. Då lyden kom, dreidde torskelarvane seg heller mot lydkjelda.
– Dette er eitt forsøk i liten skala, men resultata våre viser at torskelarvar som driv med havstraumane forbi eller nær ein havvindpark, kan bli tiltrekt av undervasstøyen frå turbinane, seier havforskar Alessandro Cresci ved Havforskingsinstituttet (HI).
No planlegg forskarane å teste ut andre kommersielt og økologisk viktige artar på same måten.
– Det er viktig å lære meir om korleis ei ny næring, som havvind, kan påverke fisk og økosystem.
Publisert: 12.04.2023 16:37
Sist oppdatert: 12.04.2023 16:37