Gena hos torsk er truleg uendra trass langvarig fiske, konkluderer ny studie.
– Det er ein viktig milepåle i forskinga – og kanskje ein noko overraskande milepåle, seier havforskar Olav Kjesbu i ein omtale av studien på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Han er ein av medforfattarane til studien.
Ein av grunnane til at studien blir framstilt som eit gjennomslag, er at det lenge har vore forska på kvifor torsken som har blitt fanga, har blitt mindre og tidlegare kjønnsmoden.
Nokre forskarar har meint at dette kunne ha samanheng med genetiske forandringar hos torsk på grunn av høgt fiskepress. Denne teorien er no avvist.
«Prøvar av norsk og kanadisk torsk samla inn mellom 1907 og i dag avslører at fisken sitt DNA har vore stabil over tid», skriv Havforskingsinstituttet.
Forskarane meiner i staden at dei same gena kan uttrykkja seg ulikt under ulike forhold. Fenomenet som på fagspråket blir omtalt som «fenotypisk plastisitet», fører ifylgje Kjesbu til at torsk er sensitiv for fiskepress og klimaforhold.
– Dette kan forklara utviklinga vi har sett i bestanden, og bør får større merksemd i forskinga framover, seier han.
Publisert: 21.04.2021 15:48
Sist oppdatert: 21.04.2021 15:50