Trident Aqua Services heiter reiarlaget som oppstod etter at Intership, Aquaship og FSV Group fann saman tidlegare i år. Med 62 båtar i drift og sju under bygging kan reiarlaget no kalle seg verdas største leverandør av fartøy til oppdrettsbransjen.
Årsaka til at Trident tek steget til topps akkurat no, er at Frøy-konsernet nyleg selde delar av si flåte.
– Det er ikkje noko mål i seg sjølve, men no kan vi iallfall seie det, fortel Joar Gjerde som har rolla som kommersiell direktør i selskapet.

Har ordrebok på 8,5 milliardar
Det var også mykje anna positivt Gjerde kunne fortelje om reiarlaget då han deltok under Kvale Seafood Week i Ålesund denne veka.
– Vi styrer mot ei totalomsetning i år på kring to milliard, held han fram - og legg til at dei ligg an til eit solid overskot.
Gjerde legg ikkje skjul på at dei er godt nøgd. Ordreboka på kring 8,5 milliardar er ein anna ting han kan gle seg over.
– Det er inkludert opsjonar, påpeiker han.
To ny båtar er snart klare
Reiarlaget sin flåte vil snart inkludere to nye brønnbåtar som er bygd i Tyrkia. Begge er blitt betydeleg forseinka, men i løpet av kort tid tek reiarlaget i mot den første som vil få namnet Inter Alba.
– Vi håpar å få båten neste månad, seier Gjerde.
Den drygt 92 meter lange brønnbåten har ein brønnkapasitet på 6500 kubikkmeter, og skal rett ut i arbeid i Skottland. Der vil den vere største i den skotske brønnbåtflåten.
Båt nummer to som snart er klar til levering, Grip Discovery, skal i oppdrag i Chile.
– Der blir båten den største og mest moderne i Chile, med batteridrift og ny teknologi om bord. Det synest vi er veldig spennande, fortel Gjerde.
Reiarlaget har i tillegg to brønnbåtar under bygging i Spania og tre servicebåtar ved Sletta Verft.
– Marknadsutsiktene ser bra ut
Sjølv om ikkje alt har vore rosenraudt for leverandørar til oppdrettsbransjen dei siste åra, har brønnbåtnæringa stor sett halde stø kurs.
Gjerde meiner reiarlaget har grunn til å vere optimistar framover.
– Vi meiner marknadsutsiktene ser bra ut. Proteinbehovet i verda er aukande og det er nøydd til å kome frå havet, seier han.

Amerikanske eigarar er «hands on»
Som følgje av samanslåinga av dei tre reiarlaga er det investeringsfondet American Industrial Partners som er majoritetseigar.
Gjerde fortel at det amerikanske selskapet består av «operasjonelle folk» som er «hands on» og har erfaring frå havet.
– Mange av dei kjem frå fiskerinæringa i Canada og USA. Difor ser vi ikkje på dei som reine finansielle investorar, påpeiker han.
– Det er fascinerande, inspirerande – og sjølv om vi ikkje likar å innrømme det, så har vi litt å lære av dei også, legg han til.
Publisert: 21.11.2025 10:25
Sist oppdatert: 21.11.2025 11:47






