Energy Pace foto Golden Energy Offshore Services 1
TALSLEPP: Golden Energy Offshore Services la fram tal for 3. kvartal seint torsdag. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Knekk i inntektene for offshorereiarlag

Har fått påfyll for å betre likviditeten. Ventar utfordrande vinter.

Marius Rosbach
21.11.2025

Golden Energy Offshore Services kom seint torsdag kveld med sin rapport for tredje kvartal. Den viste ein knekk i frakteinntektene for skipa og at reiarlaget lir av ein svakare spotmarknad.

Frakteinntektene for skipa enda på 87,3 millionar kroner – som er eit fall på nær 33 prosent frå same kvartal i fjor. Takka vere andre driftsinntekter enda reiarlaget opp med ei omsetning i perioden på 104 millionar.

Ved utløpet av tredje kvartal hadde Ålesund-reiarlaget eit underskot før skatt på drygt 56 millionar (sjå tabell under).

saka held fram under

Golden Energy Offshore Services AS  
3. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt 104130
Driftsresultat-2,534,7
Resultat før skatt-15,420,8
Golden Energy Offshore Services AS  
Per 3. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt 324,6339,9
Driftsresultat19,758,3
Resultat før skatt-56,1-63,8

Har fått tilskot av kapital
Reiarlaget skriver i børsmeldinga at resultata skuldast overkapasitet i marknaden og kraftig fall i spotratane på mellomlang og lang sikt. 

Seinast i november har selskapet fått tilført 1,9 millionar dollar – om lag 20 millionar kroner - som følgje av eit behov for å betre likviditeten på kort sikt. Pengane kom frå eit dotterselskap av reiarlagets største aksjonær Clear Ocean Partners.

Styret jobbar med ulike alternativ for å betre økonomien vidare i lys av ein svakare marknad, blir det opplyst.

Ventar utfordrande vinter
Golden Energy Offshore har ni skip i flåten, som hovudsakleg består av PSV-ar med Ulstein PX121-design. Reiarlaget eig sjølv sju av fartøya. 

Utnyttingsgraden for skipa i tredje kvartal var på 79,8 prosent. 

Reiarlaget opplyser at dei ventar ein utfordrande vinter – men framleis er optimistiske med tanke på «den underliggende markedsstemningen», heiter det i rapporten.

Fekk på plass refinansiering
Golden Energy Offshore Services fekk i sommar på plass ny finansiering som skal sikre økonomien framover.

Med refinansieringa vil reiarlagets finanskostnader på lengre sikt bli redusert. Selskapet opplyser at «break even»-nivået er redusert med 3.500 amerikanske dollar dagen. 

Reiarlaget påpeiker i rapporten at dei bokførte skipsverdiane er lågare enn flåten sin verkelege verdi. Eit snitt av vurderinga til to meklarar konkluderer med at skipa er verdt knappe 1,9 milliardar. 

Publisert: 21.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 21.11.2025 10:04

Mer om