Lars Einar Riksheim Asne Helene Folstad foto marius
SYKKYLVEN: Lars Einar Riksheim og Åsne Helene Folstad med nokre eksempel på produkt som er 3D-strikka. Teknologien opnar moglegheiter for å nytte metoden på fleire område. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Senter for 3D-strikk i nytt samarbeid

Teknologien opnar nye moglegheiter. Vil hjelpe europeisk industri frå Sykkylven.

Marius Rosbach
20.11.2025

I to heile dagar har store og små produsentar frå store delar av landet vore samla til ein workshop om 3D-strikk ved Næringsfabrikken i Sykkylven. 

I løpet av arrangementet blei det markert at 3D Knitting & Technology blir eit kompetansesenter for 3D-strikk i Nord-Europa. 

Dagleg leiar Åsne Helene Folstad i 3D Knitting & Technology fortel at dei har innleia eit samarbeid med japanske Shima Seiki som lagar maskinane som utførar sjølve arbeidet.

– Vi vil få fleire ressursar og utstyr slik at vi kan vere ein aktør for fleire i Europa, fortel Folstad til Nett No. 

Trur på fleire arbeidsplassar
3D Knitting & Technology har allereie vore i drift i fleire år. 

Målet er å utvikle kompetansen til å ta i bruk og utvikle teknologien, både til tekstil-, møbel- og anna industri. 

Med det nye samarbeidet trur styreleiar Lars Einar Riksheim at det kan bli fleire arbeidsplassar ved senteret i tillegg til dei tre som jobbar der i dag. 

– Om det er kundar i Europa som har prosjekt dei vil utvikle, kan vi hjelpe dei herifrå, seier Riksheim. 

– Må få folk til å tenke nytt
Under workshop-en på Næringsfabrikken fekk deltakarane oppdatert seg både fagleg og på marknaden. 

Med 3D-strikk kan ein til eksempel lage kle langt raskare og med langt mindre svinn. Men moglegheitene er langt vidare mellom anna innan interiør og ortopedisk utstyr.

Riksheim fortel at utviklinga innan tekniske tekstil er spesielt interessant. 

– Vi må få folk til å tenke nytt kring det dei lagar. Til eksempel kan matter med glasfiber til båtar bli strikka slik at ein får akkurat den forma ein ønsker, fortel han.

Publisert: 20.11.2025 16:35

Sist oppdatert: 21.11.2025 00:40

Mer om