Kort fortalt

Torskeoppdrett påverkar kysttorsken

Vil ha verna gytefelt mot oppdrettstorsk.

NPK
26.05.2021

Kysttorsk er den torskebestanden som er mest utsett for påverknad i samband med torskeoppdrett, kjem det fram i ny rapport frå Havforskingsinstituttet.

Lokale gytefelt langs heile kysten, spesielt sårbare fjordbestandar, bør framleis vernast mot torskeoppdrett, meiner forskarane.

Risikoen for genetisk påverknad av ville bestandar er truleg større ved torskeoppdrett enn lakseoppdrett:

– I tillegg til at oppdrettstorsk kan rømme og dermed oppsøkje gytefelta til villfisken, kan han også gyte direkte i merden, seier Pål Arne Bjørn på Havforskingsinstituttet si nettside. Han har leidd arbeidet med å samle tilgjengeleg kunnskap om torskeoppdrett og miljøeffektar i den nye rapporten.

Egg som blir gytt inne i eit oppdrettsanlegg, kan enkelt drive ut av merdane og ut i sjøen. Etter kvart kan dei utvikle seg til vaksne fiskar som kan oppsøkje gytefelta.

Torsken i oppdrett er domestisert. Det betyr at han har vore halden som husdyr over fleire generasjonar der det er avla på bestemte eigenskapar. Han skil seg derfor frå villfisk. Dette gjer at forskarane anbefaler at bruk av steril oppdrettstorsk bør greiast ut.

Forsking viser at bestandane av kysttorsk er svake og trua både i sør og i nord. Det er forslått ein gjenoppbyggingsplan i nord. Havforskingsinstituttet meiner at miljøeffektar av torskeoppdrett bør inkluderast i gjenoppbyggingsplanen. Det bør også vurderast restriksjonar mot flytting og levandelagring av torsk nær gytefelt.

Rapporten som no er publisert, er blant anna ei oppsummering av tilgjengeleg kunnskap om torskeoppdrett og moglege miljøeffektar

Publisert: 26.05.2021 17:59

Sist oppdatert: 26.05.2021 18:02

Mer om