(NPK): Ei ny trafikklysordning og ei inndeling av norskekysten i 13 soner skal vere med på å avgjere kor mykje fiskeoppdrettarar får produsere i framtida.
Det opplyste fiskeriminister Per Sandberg under Sjømatdagane på Hell. Det nye vekstregimet inneber at produksjonsområda blir inndelte etter «trafikklys» der grønt lys betyr at vekst bør vere lov, gult at produksjonsnivået bør frysast, og raudt at produksjonsnivået bør reduserast, skriv NRK. Det vil seie at i dei områda der oppdrettarane er flinke til å halde lakselus og sjukdom nede, vil få tilbod om å auke produksjonen.
– Vi ser veldig positivt på måten dei har lagt opp produksjonsområda på nå. Det gir oppdrettarane ei moglegheit til å ta eit ansvar for det området dei produserer laks innanfor. Både når det gjeld lus, utslepp og alt, seier Frode Reppe i Norske Sjømatbedrifters Landsforening til NRK.
Fleire meiner bakdelen ved det nye vekstregimet er at viss eitt oppdrettsanlegg gjer ein dårleg jobb, risikerer det å drage med seg dei andre anlegga i området. Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge meiner den nye havbruksforvaltninga går i rett retning, men at det framleis er mykje som er uavklara.
– Ikkje minst stiller vi spørsmål ved korleis trafikklysa skal fungere. Hovudmodellen er den same som dei har presentert tidlegare, og den er vi skeptisk til, seier Ystmark i ei pressemelding.
Det nye trafikklyssystemet skal tre i kraft 1. oktober 2017.

Publisert: 19.01.2017 12:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42