Kort fortalt

Tre av fire har tillit til koronainformasjonen

Men færre har tillit til dei økonomiske tiltaka.

22.05.2020
NPK-NTB: 76 prosent har tillit til koronainformasjonen frå regjeringa. Noko færre har tillit til at dei nødvendige økonomiske tiltaka er sette i verk, ifølgje ei undersøking.
I målingar gjennomførte av Norsk koronamonitor frå Opinion gjennom dei siste ti vekene, svarar 76 prosent av totalt 30.000 spurde nordmenn at dei har tillit til informasjonen frå regjeringa. 10 prosent har ikkje tillit, medan 14 prosent svarar verken eller.
Delen som ikkje har tillit til informasjonen som kjem frå regjeringa, har endra seg lite under epidemien, men var svakt høgare første veke etter stenginga av Noreg.
I perioden samla sett seier 56 prosent av folket at dei har tillit til at regjeringa har sett i verk dei nødvendige økonomiske tiltaka for å avgrense skadeverknadene på norsk økonomi. 16 prosent er usamde, medan 28 prosent svarar verken eller.
Kvinner har større tillit til både informasjonen frå regjeringa og dei økonomiske tiltaka frå regjeringa enn det menn har. Di yngre respondentane er, di færre har tillit til dei økonomiske tiltaka.

Publisert: 22.05.2020 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27