(NPK-NTB): Arkeologar har funne restar av det som truleg er eit langhus frå vikingtida, saman med ei vikinggrav, i Hjørungavåg i Hareid.
Stolpehola som er funne, tyder på teknikkar som var vanlege i vikingtida, noko som gjer at forskarane trur det er snakk om eit langhus, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Funna vart gjort ved hjelp av georadar, som viste kvar arkeologane kunne grave målretta.
– Georadaren har gitt oss eit heilt nytt bilete av området og hjelpt oss med å prioritere kva som er viktig å grave ut. Georadaren gir oss høve til å sjå under bakken utan å skade strukturar, seier arkeolog og prosjektleiar Arve Eiken Nytun.

Det vart også gjort funn av steinaldergjenstandar, der dei aller eldste truleg er heile 7000 år gamle. Det vart dessutan funne moglege spor etter hus frå sein steinalder eller tidleg bronsealder, frå rundt 3500–4000 år sidan.
– Dette viser at det her har budd mykje folk i svært mange år og at det kunne ha vore eit maktsenter i jernalderen, seier Nytun.
Funna vart gjort berre nokre hundre meter unna staden der det historiske slaget ved Hjørungavåg rundt år 986. Dette var eit av dei viktigaste slaga i vikingtida i Noreg.
Hendinga er beskriven i Snorre Sturlassons kongesagaer. Norske Håkon jarl kjempa mot ein invaderande dansk flåte, eit slag som enda med norsk siger.
(©NPK)
Publisert: 04.11.2024 15:01
Sist oppdatert: 04.11.2024 15:01