Kort fortalt

Trur Optimar-tilsette får nye jobbar

Oppmodar bedrifter til å ta kontakt.

08.11.2022

Optimar ber andre bedrifter ta kontakt om dei har behov for kompetansen til nokre av dei tilsette som no missar jobben, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Det er stor etterspørsel etter arbeidskraft i regionen og NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal trur dei som misser jobbane sine, vil klare å kome seg raskt i arbeid.

Måndag blei det kjent at Optimar skal seie opp kring 40 tilsette ved dei norske avdelingane.

– Dette er ei utfordring og vi har eigentleg ingen å misse, etter at vi har bygd opp kompetanse over mange år. Men vi må gå gjennom ein prosess dei næraste vekene, der vi ser kven som må gå, seier HR-sjef Lene Flem Debess i Optimar til kanalen.

Publisert: 08.11.2022 22:44

Sist oppdatert: 08.11.2022 22:45

Mer om