Optimar illustrasjon foto marius 11
40 MÅ GÅ: Dei norske tilsettei Optimar-konsernet har i dag vore i allmøte og blitt orientert om at 40 misser jobben. Illustrasjonfoto: Marius Rosbach
Nytt

Optimar seier opp 40 tilsette

Konsekvensane av Russland sitt angrep på Ukraina er årsaka.

Optimar har gjennom mange år hatt ein stor marknadsandel i leveransar av fiskefabrikkar til den russiske fiskeflåten. Det er no ein tapt marknad.

Difor har bedrifta blitt hardt ramma av konsekvensene av krigen, skriv Optimar i ei pressemelding.

Måndag har selskapet hatt allmøte med sine norske tilsette og informert om at 40 tilsette vil bli sagt opp.

Drøftingar med tilsette
- Det kan berøre tilsette i heile den norske organisasjonen som i dag har i overkant av 230 tilsette, fortel kommunikasjonsansvarleg og HR-sjef Lene Flem Debess til NETT NO.

Optimar har avdelingar på Valderøya, Stette og Stranda - og førstnemnde avdeling er den største.

Ifølgje Debess blir det no drøftingar med dei tilsette for å avgjere kven som må gå.

Alvorlege konsekvensar
Då næringsminister Jan Christian Vestre besøkte Optimar på Valderøya i mai i år ville han mellom anna vite korleis krigen i Ukraina påverka drifta.

– Det har til dels dramatiske konsekvensar, fortalde dåverande finansdirektør Geir Ingebrigtsen i Optimar.

Bedrifta hadde sett nye oppdrag for russiske kundar på vent grunna krigen i Ukraina. Men også fleire kontrakter med kundar andre plassar, er utsett grunna usikkerheit hos kunden, kunne han fortelje.

Krympa selskap
I 2019 hadde Optimar-konsernet 478 på lønningslista, i 2020 445 tilsette og i fjor 420. Etter underskot i 2018 og 2019 vart det pluss-tal i 2020, men nytt minusår i fjor.

I 2019 var driftsinntektene til Optimar - det største selskapet i konsernet - over milliarden, i fjor var det 883 millionar, ein nedgang på 4,2 prosent frå 2020.

Konsernet er ein av dei store produsentane av produksjon- og handteringsanlegg til fiskebåtar, oppdrettsnæringa og fiskeindustri. Optimar-konsernet har vore eigd av det tyske Haniel-konsernet sidan desember 2017, og etter overtakinga venta Optimar sterk vekst.

Merkar også grunnrenteskatten
Optimar lagar og anlegg for oppdrettsbransjen. I pressemeldinga skriv selskapet at dei har hatt vekst i denne marknaden, men at dei no merkar konsekvensane av den foreslåtte grunnrenteskatten.

Grunnrenteskatten er ein ekstra skatt regjeringa vil legge på oppdrettsnæringa. Den er på 40 prosent i tillegg til ordinær selskapsskatt.

Framlegget har utløyst kraftige reaksjonar frå oppdrettsnæringa og leverandørbransjen til oppdrettsnæring og planlagde investeringar for milliardar er avlyst eller utsett.

Publisert: 07.11.2022 14:37

Sist oppdatert: 08.11.2022 00:34