Irene mjelde geir ingebrigtsen optimar foto marius 11
KORONA OG KRIG: Då næringsministeren var på besøk hos Optimar i vår, kunne salsdirektør Irene V. Mjelde og finansdirektør Geir Ingebrigtsen fortelje om utfordringar grunna krigen i Ukraina. Koronapandemien skapte trøbbel for Optimar i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt minusår for Optimar

Forklarar minustal i fjor med koronaforseinkingar. Krigen har sett stopp for selskapet i den russiske marknaden.

15.08.2022

I 2019 hadde Optimar-konsernet 478 på lønningslista, i 2020 445 tilsette og i fjor 420. Etter underskot i 2018 og 2019 vart det pluss-tal i 2020, men nytt minusår i fjor.

I 2019 var driftsinntektene til Optimar - det største selskapet i konsernet - over milliarden, i fjor var det 883 millionar, ein nedgang på 4,2 prosent frå 2020 (sjå tabell).

Konsernet er ein av dei store produsentane av produksjon- og handteringsanlegg til fiskebåtar, oppdrettsnæringa og fiskeindustri. Optimar-konsernet har vore eigd av det tyske Haniel-konsernet sidan desember 2017, og etter overtakinga venta Optimar sterk vekst.

Hovudselskapet Optimar har hovudkontor og anlegg på Valderøya, på Stette og i Stranda og hadde 282 tilsette i 2021 (opp frå 276).

Optimar-konsernet omfattar også selskap i Spania, USA, Romania og Kristiansund. Optimar offentleggjer ikke konsental, men i følgje årsmeldinga til Haniel-konsernet hadde Optimar-gruppa 92 millionar Euro i driftsinntekter i 2021 (902 millionar kroner), ned frå 94 millionar året før.

Så seint som i 2017 hadde Optimar eit resultat før skatt som tilsvarte nesten ti prosent av driftsinntektene.

Korona-forseinking
Nedgangen i driftsinntekt frå 2020 til 2021 kan i stor grad forklarast med redusert framdrift i fleire prosjekt på grunn av korona-pandemien, skriv Optimar i årsmeldinga for 2021.

Det har både gjort at selskapet har måtte vente på inntektene frå oppdrag i arbeid, og gav færre nye oppdrag.

Optimar as

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt883,3921,9
Driftsresultat-22,948,5
Resultat før skatt-20,49,7

Fabrikkar og handteringsanlegg til fiskebåtar sto for 482 millionar kroner av driftsinntektene i 2021. Det er 55 prosent av dei totale driftsinntektene til Optimar i 2021 (ned frå 576 millionar i 2021).

Oppdrettsbransjen var nest viktigaste kunde. Optimar sine driftsinntekter frå anlegg til oppdrettbransjen auka frå 181 til 227 millionar kroner frå 2020 til 2021.

Driftsinntektene frå Service- og ettermarknaden (montering, inspeksjon, vedlikehald og reparasjoner) auka frå 154 til 158 millionar kroner i fjor.

Levering av utstyr og anlegg til fiskeindustri på land utgjorde 16,3 millionar kroner i driftsinntekter i 2021.

Stopp til Russland
Optimar talfestar i årsmeldinga ikkje kor stor del av driftsinntektene som kjem frå oppdrag med å utruste russiske fiskebåtar, men skriv at "the Russian market has been av key market for Optimar."

Den russiske invasjonen av Ukraina, som starta i februar i år, har gjort at vestlege land har innført ei rekkje økonomiske sanksjonar mot Russland.

Optimar kjem ikkje til å inngå nye kontraktar med russiske kundar, slik situasjonen er, skriv selskapet i årsmeldinga.

Oppdrag i arbeid blir fullført til det nivået som er råd, men det blir vansklegare å levere anlegg og utstyr og få betaling frå Russland, ifølgje årsmelding.

Optimar talfestar ikkje ei vurdering av kor store tap selskapet kan kome til å lide på sine russiske oppdrag. Det er usikkert og ikkje råd å talfeste no, skriv selskapet i årsmeldinga, som er signert 6. april i år.

Publisert: 15.08.2022 10:04

Sist oppdatert: 15.08.2022 16:12

Mer om