(NPK): Folk har reist langt mindre med fly i år enn tidlegare, men flyselskapet Widerøe trur ikkje reisevanane våre har blitt permanent endra.
– Vi er førebudde på ein auke i bruken av Teams og andre digitale verktøy, men at ein er forvist til Teams vil kanskje føre til eit større behov for å møtast på sikt. Møte mellom menneske er framleis viktig, seier kommunikasjon- og samfunnskontakt i Widerøe, Silje Brandvoll, til
– Vi er inne i ein periode der folk er bekymra for smitte, det gjer at folk legg større band på seg sjølv enn elles. Vi trur ikkje at dette er den nye normalen, seier ho.
Alta kommune er blant kommunane som har spart store pengar i reduserte reiseutgifter i koronamånadane.
– Vi har normalt store utgifter når det gjeld reising. Det kostar å reise, ikkje berre til Gardermoen, men òg til Alta og andre stadar i Finnmark. Det er lange avstandar og billettane er dyre, seier rådmann i Alta kommune, Bjørn-Atle Hansen, til NRK.
(©NPK)

Publisert: 06.10.2020 15:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24