Kort fortalt

Trur sokkelen kan elektrifiserast før

Realistisk, meiner Sintef-forskar.

31.03.2022

(NPK-NTB): Sps Marit Arnstad har foreslått å utsetje klimamåla for få elektrifisering av norsk sokkel på plass. Sintef meiner havvind kan vere på plass utan utsetjingar.

– Eg meiner det absolutt er realistisk å få til havvindutbygging i Noreg før 2030, seier John Olav Tande, sjefforskar på forskingsinstituttet Sintef, til Klassekampen.

Parlamentarisk leiar for Sp Marit Arnstad sa på landsstyremøtet til partiet måndag at det var uaktuelt å elektrifisere alle oljeplattformene med kraft frå land, og at elektrifiseringa heller måtte skje med havvind.

Sidan storskala havvindutbygging kanskje ikkje er på plass innan 2030, opna ho for å utsetje klimamåla regjeringa har sett seg, noko som har hausta kraftige reaksjonar og som regjeringspartnar Arbeidarpartiet har avvist.

Men dersom vi byrjar no, kan ei slik elektrifisering vere på plass innan 2030, meiner Tande.

– Det krev at ein set fart frå styresmaktenes side, får på plass rammevilkår, set i gang forundersøkingar, og legg til rette for utbygging, seier han til avisa.

Han viser til Equinors flytande havvindprosjekt i Nordsjøen, som etter planen skal forsyne oljefelta Snorre og Gullfaks med straum frå neste år.

– Planarbeidet der byrja for rundt fire år sidan. Så det viser jo tydeleg at det er fullt gjennomførbart å byggje ut vindparkar kopla til oljefelt i løpet av relativt kort tid, seier Tande.

(©NPK)

Publisert: 31.03.2022 08:02

Sist oppdatert: 31.03.2022 09:49

Mer om